Tre poeng unna å sikre førsteplassen

Eid slo Studentspretten 1–2 borte og er tre poeng unna å sikre førsteplassen i Kretsligaen avd. 1 med to kampar igjen å spele.

NY SIGER: Eid slo Studentspretten 1–2 på Kvåle stadion i helga. Dette var den sjuande sigeren for Eid denne sesongen. Her frå då laga spelte mot kvarandre i august.   Foto: tormod flatebø

Sport

Laurdag var det klart for åttande runde i Kretsligaen avd. 1, og Eid møtte Studentspretten borte på Kvåle stadion. Sist dei to laga møttest var 21. august på Eid stadion, og då var det Eid som kunne ta med seg ein komfortabel 4–1 siger. Laurdag vart det også tre poeng til Eid, som no har sju sigrar på åtte kampar og toppar tabellen med 21 poeng.