Kretsligaen

– Dette var ein solid siger

Eid tok sin femte siger denne sesongen då laget møtte Syril borte. Det vart ein komfortabel 0–3 siger. – Dette var ein solid siger og veldig fortent, seier Eidtrenar Dan Jøran Hafsås.

SIGER: Det vart ny siger og tre nye poeng då Eid spelte borte mot Syril i helga. Her frå då laga møttest i 1. serierunde.  Foto: arkivfoto: Tormod Flatebø

Sport

Laurdag var det klart for sjette runde i Kretsligaen, og denne gong spelte Eid borte mot Syril. Sist gong dei to laga møttest, var i serieopninga. Då vann Eid heile 5–0 etter scoringar av Joakim Frislid Vedvik (tre mål), Mads Wie og Abraham Jonny.