Går inn i ny rolle i Eid

Det vert satsa på å utvikle jente og damefotballen i Sogn og Fjordane. No er Henning Haugen tilsett som ny trenarrettleiar for jentene i Eid Fotball.

TRENARRETTLEIAR: Henning Haugen er tilsett som trenarrettleiar for jentene i Eid fotball. Dette er eit initiativ frå NFF Sogn og Fjordane, og fleire klubbar er allereie med på prosjektet.  Foto: olin maria yri

Sport

Ifølgje NFF Sogn og Fjordane ønskjer kretsen å få med fleire klubbar for å utvikle jente- og damefotballen i Sogn og Fjordane, og i 2021 er det difor sett av 125.000 kroner til prosjektet og satsinga på trenarrettleiar i jentefotballen. Stryn, Jotun, Sandane og Førde har allereie vore med i prosjektet, og no er det klart at også Eid Fotball er med og har oppretta ei ny stilling som trenarrettleiar i jentefotballen. Stillinga er det Henning Haugen som har fått.