Like utanfor pallen

Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrde ein god førsteomgang under storslalåmen tysdag og hadde andre beste tid. Ho hamna til slutt rett utanfor pallen.

Det vart fjerdeplass på Andrine Englund Mårstøl som saman med dei norske alpinistane køyrer fis-renn no på slutten av sesongen.   Foto: privat

Sport

Europacup sesongen er over, men dei norske alpinistane er framleis i gong. Sist veke gjekk NM og fis-renn av stabelen på Oppdal. Der tok Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) bronsemedalje under NM for senior og køyrde også inn til ein andreplass under eit fis-renn.