På pallen samanlagt

SSF Cupen er avslutta og fleire langrennsløparar frå Eid IL er med på samanlagtlista.

Agnes Bjelland Nøstdal kom på 2.-plass samanlagt i klasse jente 13 år.   Foto: Eid IL Ski

Sport

SSF Cup finalen skulle gå av stabelen ved Sogndal Skisenter - Hodlekve 27. mars, men grunna dei nye nasjonale smittevernreglane vart rennet avlyst. Det betyr at SSF Cupen i 2021 er avslutta og samanlagtlista er klar. Det har vore seks renn, men alle langrennsløparane har ikkje deltatt i alle renna og har berre fått poeng for renna dei har deltatt i.