Seriestarten vert utsett

Seriestarten i Sogn og Fjordane er utsett grunna restriksjonar og smittesituasjonen.

NFF Sogn og Fjordane melder at det ikkje vert opna opp for seriespel for verken barne- og ungdomsfotballen eller seniorfotballen før det er mogleg å spele kampar på tvers av kommunar.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

NFF Sogn og Fjordane hadde planlagt oppstarten av seriespelet for barn og ungdom rett etter påske, og seniorfotballen var planlagt i slutten av april. No er det bestemt at dette vert utsett grunna restriksjonane og smitteutviklinga nasjonalt.