Åge nummer elleve i USA

Åge Solheim (Haugen IL) køyrde tysdag to universitetsrenn i USA. Det vart fleire gode tider på Åge og dei norske.

Åge Solheim hadde ikkje køyrt renn på nesten ein månad då han stilte på start under to universitetsrenn tysdag.   Foto: Privat

Sport

Tysdag var alpinistar i USA samla på Snowbird Ski And Summer Resort, USA, og det var klart for to universitetsrenn. Blant alpinistane som stod på startstreken var Åge Solheim (Haugen IL), i tillegg til fleire andre norske alpinistar. Begge dei to renna tysdag var slalåmrenn, og det skulle bli fleire gode resultat på dei norske, inkludert Åge.