Må avlyse skirenn

På bakgrunn av regjeringa sine nasjonale tiltak som vart gjeldande 20. januar, er no fleire skirenn for barn og unge utsett.

SKI: Eid IL skulle arrangere SSF KM på Tua neste helg. Det er no utsett grunna dei nasjonale tiltaka som vart gjeldande frå 20. januar. Her er Agnes Bjelland Nøstdal klar på start på Langeland sist laurdag.  Foto: Privat

Sport

Regjeringa ønskjer å minimere unødvendig forflytting på tvers av kommunar og regionar, og frå onsdag 20. januar var det ei rekkje tiltak som vart gjeldande. Mellom anna kom det ei anbefaling om at kulturarrangement som førestillingar, oppvisningar samt kurs/konferansar og tru og livssynsseremoniar må utsettast om dei samlar personar frå fleire kommunar. Dette omfattar både utandørs og innandørs arrangement, men ikkje gravferder.