Johan-Olav Smørdal Botn og Team Hugaas

Ladar opp med samling på Harpefossen

Johan-Olav Smørdal Botn og Team Hugaas er denne veka på samling på Harpefossen for å gjere seg klar til sesongen.

Samling: Team Hugaas har i år tolv skiskyttarar på laget. Då Fjordabladet var innom samlinga på Harpefossen var trenar Leif Malvin Hjelmevoll, Sivert Bekken, Peder Stalenget, Eirik Horten, Magnus Horten og Johan-Olav Smørdal Botn (nummer to frå høgre) på plass. Foto: Olin Maria Yri 

Sport

Det er begynt å bli kaldt i lufta, og årets skisesong nærmar seg for skiskyttarane. Det er berre rundt ein månad att før det etter planen brakar laust på Sjusjøen. Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim og laget Team Hugaas, som held til på Lillehammer, er i full gong med oppkøyringa. Denne veka er dei på plass på Harpefossen der dei har samling. Då Fjordabladet var innom søndag var Johan-Olav, Sivert Bekken, Peder Stålenget, Eirik Horten, Magnus Horten og trenar Leif Malvin Hjelmevoll på plass, medan fleire av utøvarane skulle kome måndag.