Kjekt med 18 timar handball i haustferien

Denne veka har over 50 barn hatt ein aktiv og kjekk haustferie på handballskule.

HANDBALL: Selma Balsnes Lyngstad (t.v.), Agathe Naustdal og Edvin Luteberget Nore (t.h.) var blant handballspelarane som valte å spelte handball i haustferien. Det tykte dei var svært kjekt og lærerikt.   Foto: olin maria yri

Sport

I haustferien har det vore runde 37 klubbar i Norge som har fått gjennomført årets Rema 1000 handballskule. I Region Vest er det sju handballklubbar som har arrangert handballskulen i veke 40 eller 41 for barn som allereie speler handball eller som har lyst å prøve for første gong. Som den einaste i klubben i Nordfjord, har Eid IL Handball arrangert Rema 1000 handballskule på Nordfjordeid for barn mellom seks og tolv år.