Tok bronse under NM i rulleskiskyting

Denne helga går NM i rulleskiskyting av stabelen, og laurdag vart det NM bronse til Johan-Olav Smørdal Botn og femteplass til Oselie Henden og Magnus Skeide Bakke.

BRONSE: Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) gjekk laurdag inn til bronse i NM i rulleskiskyting.  Foto: PRIVAT

FEMTEPLASS: Oselie Henden (Eid IL/Stryn vgs) gjekk inn til ein flott femteplass under NM i rulleskiskyting laurdag.  Foto: privat

FIN PLASSERING: Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs) kom i mål på ein fin 12.-plass i klasse kvinner 19 år.  Foto: privat

Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) gjekk inn til ein femteplass i klasse menn 18 år under NM i rulleskiskyting laurdag.  Foto: Privat

Sport

Denne helga vert det arrangert NM i rulleskiskyting på Voss, og laurdag vart det klart for sprint. Fleire skiskyttarar frå Stårheim og Eid stod på startstreken.

Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) gjekk inn til ein tredjeplass og bronse i klassa Menn 20–22. Smørdal Botn gjekk i mål på tida 23:00.1 med to bom på første skyting. I mål var han berre 15 sekund bak vinnaren Simen Eliassen Kvarme (Steinkjer Skiklubb/Team Maxim).

I klasse kvinner 19 år gjorde også lokale skiskyttarar det godt under sprinten laurdag. Oselie Henden (Eid IL/Stryn vgs.) gjekk inn til ein flott femteplass på tida 19:14.6. Henden skaut ein bom på siste skyting og var 1:23.5 bak vinnaren Kristiane Almeland Rolstad (Oslo Skiskytterlag/NTG-L) i mål.

Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) gjekk inn til ein god 12.-plass i same klasse. Heggen hadde ein bom på første skyting og tre bom på siste skyting, og kom i mål på tida 20:12.4.

I klasse menn 19 år vart Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) beste lokale skiskyttar med ein 20.-plass. Haughovd kom i mål på tida 20:20.2, og var 2:30.3 bak vinnaren med to bom på siste skyting.

Lasse Flo Bødal (Stårheim/Stryn vgs.) gjekk i mål som nummer 28 med tida 21:37,1. Flo Bødal skaut tre bom på begge skytingane og var til slutt 3:47.2 bak vinnaren i mål.

I klasse menn 18 år gjorde Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) det godt då han gjekk i mål til ein femteplass på tida 20:13,4. Skeide Bakke skaut ein bom på første skyting og tre bom på siste skyting, og var 28.6 sekund bak vinnaren Isak Leknes Frey (Bærum Skiklubb/Dønski VGS).

Resultat sprint

Menn 20-22 år

3. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 23:00.1, 2+0

Kvinner 19 år

5. Oselie Henden (Eid IL/Stryn vgs) 19:14.6, 0+1

12. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs) 20:12.4,1+3

Menn 19 år

20. Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs) 20:20.2, 0+2

28. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs) 21:37.1, 3+3

Menn 18 år

5. Magnus Skeide Bakke (Eid IL/NTG-G) 20:13.4, 1+3