Slik er oppsettet for den nye U20 serien

Ein ny U20 serie vert starta opp denne hausten, og Eid og Måløy/Selje stiller lag.

Ny serie: Eid stiller lag i den nye U20 serien. Det gjer Måløy/Selje også. Foto: Olin maria Yri 

Sport

Ifølgje Sogn og Fjordane fotballkrets sine heimesider vert det denne hausten starta opp ein U20 serie. Den nye serien er oppretta som ein konsekvens av at seniorbreiddeseriar ikkje får starte opp enno. Denne hausten er det difor oppretta serietilbod ungdom under 20 år, dette gjeld altså J20 og G20.

Det er fleire lag frå Nordfjord som er blant dei 12 laga som melde på lag før påmeldingsfristen var ute. Eid, Måløy/Selje, Florø, Sandane, Stryn og Sogndal er i avdeling 2. I avdeling 1 er Førde, Balestrand, Dale, Høyang, Sogndal 1 og Vik.

Enn så lenge er det fem rundar fram til 19. september, men Sogn og Fjordane fotballkrets skriv at ein ser an vidare oppsett av kampane i U20 seriane. Om det vert oppstart for seniorbreiddeseriane, vil desse kampane vere det totale talet, men om det ikkje vert oppstart vil det generere fleire kampar i U20 seriane.

Tapte i første kamp

Første kamp for Eid var borte mot Stryn laurdag på Stryn stadion. Det vart tap i første kamp då laget spelte 3–1 borte mot Stryn. Eid ligg no som nummer fem av seks på tabellen. Florø toppar tabellen etter at dei vann 8–2 mot Sogndal 2. Måløy/Selje skulle spele heime mot Sandane laurdag, men kampen er utsett.

Komande kampar:

Eid:

  • Laurdag 29. august: Eid – Florø
  • Laurdag 5. september: Måløy/Selje – Eid
  • Laurdag 12. september: Eid – Sandane
  • Laurdag 19. september: Sogndal 2 – Eid


Måløy/Selje:

  • Laurdag 29. august: Sogndal 2 – Måløy/Selje
  • Laurdag 5. september: Måløy/Selje – Eid
  • Laurdag 12. september: Florø – Måløy/Selje
  • Laurdag 19. september: Måløy/Selje – Stryn