Midtre Nordfjord Hesteskoklubb

Tok gull i NM

Det vart gull og bronse på Anne-Kirsti Noste og Harald Fagerstrand då NM i Hesteskogolf gjekk av stabelen i helga.

GOD HELG: Det var ei god helg for Midtre Nordfjord Hesteskoklubb denne helga med NM-gull på Anne-Kirsti Noste og siger til Stein Ove Stoddern i Jølster Cup.   Foto: anna wuttudal

Sport

Anne-Kirsti Noste frå Midtre Nordfjord Hesteskoklubb (Mino HK) gjekk til topps då Skjold Hesteskoklubb arrangerte NM i Hesteskogolf fredag 7. august. Det var i klassa NM Hesteskogolf damer at Anne-Kirsti vart Norgesmeister. I tillegg vart Siw-Hege Noste (Mino HK) nummer fire i same klasse. Det var totalt fire deltakarar i denne klassa.