Vegen til landslaget

Denne sesongen har Åge Solheim hevda seg i toppen i både universitetsrenn og Nor-Am Cup i USA. Det langsiktige målet er å kjempe om ein plass på det norske landslaget etter utdanninga.

SESONGEN OVER: Åge Solheim har vore på pallen fem gongar i universitetsrenn denne sesongen. I tillegg har han fleire gode resultat i Nor-Am Cup bak seg.   Foto: PRIVAT

Sport

7. desember opna Åge Solheim (Haugen IL) årets sesong med å køyre inn til andreplass i eit FIS-renn i Norquay i Canada. Tre månadar seinare kom meldinga om at resten av alpinsesongen i USA var avlyst. Åge, som ikkje hadde køyrt renn sidan han kom på 10.-plass i eit universitetsrenn i Bridger Bowl Ski Area i USA i slutten av februar, var i god form på dette tidspunktet, og hadde planar om å gjere det godt i renna som stod att. Dette sette koronaviruset ein stoppar for, og plutseleg vart det ikkje noko ut av verken universitetsfinalen, Nor-Am Cup avslutninga eller FIS-renna.