Eid på tredjeplass

Avslutta med stil

Eid sitt damelag har hatt ein kjempesesong og tok tredjeplassen i årets 4. divisjon. – Mange av desse spelarane hadde klart seg i høgre divisjonar, seier trenar Szymon Kac.

GOD SESONG: Eid har hatt ein god sesong, og tok tredjeplassen i 4. divisjon. Trenar Szymon Kac er storfornøgd med laget sin innsats gjennom heile sesongen.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Med 18 poeng på 14 kampar tok Eid tredjeplassen i årets 4. divisjon, berre slått av Florø 3 som tok andreplassen med 18 poeng men betre målforskjell enn Eid, og serievinnar Gloppen som vann med 26 poeng.