NM for junior

Slik gjekk det på fellesstarten

NM for junior og ungdom og Lerøy Cup for senior går av stabelen i Folldal denne helga, og allereie fredag var skiskyttarane i aksjon.

NM: I helga går NM/Lerøy Cup av stabelen i Folldal, og fredag under fellesstarten gjekk dei lokale skiskyttarane inn til gode plasseringar. På bilde er Johan-Olav Smørdal Botn, frå sist NM/Lerøy Cup.   Foto: Nordfjordteam

Sport

Denne helga går NM for junior og ungdom mellom 17 og 22 år, og Lerøy Cup for senior av stabelen på Stormoegga skiarena i Folldal. Det er fleire skiskyttarar frå Nordfjord som står på startstreken denne helga der det er disiplinar som fellesstart, sprint og stafett.

Fredag var det klart for første distanse, og då var det fellesstart som stod på plakaten. Det vart fleire gode resultat på den første distansen under NM denne helga. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) gjekk inn til ein 16.-plass i klasse menn 20–22 år. Han hadde totalt seks bom på dei fire skytingane, og var 1:38.5 bak Vetle Rype Paulsen (Lier IL) som tok gullet med ein bom på nest siste skyting og tida 35:15.0.

Magnus Skeide Bakke (Eid IL – Skiskyting/NTG-G) gjekk inn til 8.-plass med sju bom i klasse menn 17 år. Han var 1:29.3 bak vinnaren av klassa Stian Fedreheim (Hernes IL/NTG-L).

I klasse menn 18 år gjorde også Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) det godt då han gjekk inn til 14.-plass med totalt fem bom. I mål var han 1:54,7 bak Johannes Willassen (Oslo Skiskytterlag/NTG-L) som tok sigeren med fem fulle hus.

I kvinneklassa stilte Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) og gjekk inn til 23.-plass i kvinner 18 år. Ho var 5:18.5 bak vinnaren Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL/Stryn vgs.). Det var også fleire frå Stryn vgs. som gjorde det godt under NM fredag, og det vart bronse til Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL/Stryn vgs.) i klasse kvinner 17 år.

Resultat NM junior 17–22 år fellesstart

Kvinner 17 år

3. Maren Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL/Stryn vgs.) 28:38.3, 0+1+3+2

34. Hedda Garlid Hilde (Markane IL/Stryn vgs.) 35:16.3, 2+2+1+3

Menn 17 år

8. Magnus Skeide Bakke (Eid IL–Skiskyting/NTG-G) 31:59.6, 2+0+3+2

42. Sondre Roset (Hardbagg IL/Stryn vgs.) 36:49.8, 0+3+3+2

Kvinner 18 år

1. Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL/Stryn vgs.) 27:13.4, 1+1+0+0

23. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 32:31.9, 2+0+3+1

Oselie Henden (Eid IL–Skiskyting/Stryn vgs.) fullførte ikkje.

Menn 18 år

14. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) 31:05.4, 2+0+1+2

24. Oskar Guddal Breivik (Markane IL/Stryn vgs.) 32:23.7, 2+3+0+3

27. Ask Haughovd (Stårheim IL/Steyn vgs.) 32:29.1, 1+0+1+0

Menn 19 år

20. Martin Aaland (Hardbagg IL/Stryn vgs.) 31:21.1, 3+1+1+1

51. Magnus Midthjell Gjørven (Markane IL/Stryn vgs.) 34:13.0, 0+1+5+4

Menn 20–22 år

16. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 36:53.5, 3+0+2+1

17. Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane IL/Team Woodcon) 37:01.2, 1+0+2+1

52. Erlend Bakken (Markane IL) 41:38.6, 1+3+3+3