Ny dagleg leiar

Jannicke Hagen Henden er tilsett som ny dagleg leiar i Eid Fotball.

FOTBALL: Jannicke Hagen Henden er tilsett som dagleg leiar i Eid Fotball.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det skriv Eid Fotball på sine nettsider. Hagen Henden er tilsett i ei 50 prosent stilling og skal ifølgje Eid Fotball ha kontordagar tysdag og torsdag. I tillegg til å vere dagleg leiar, skal Hagen Henden framleis vere trenar i klubben vidare også.