– Det var ganske stas å ta medalje for Norge

Med parykkar i raudt, kvitt og blått stilte Johanna Reksten og lagvenninnene i gullfinalen under EM i luftvåpen. Erfaringa i EM kan bli gullverdt vidare i satsinga.

REPRESENTERTE NORGE: Det norske laget med Jenny Stene, Jeanette Hegg Duestad og Johanna Reksten (t.h.) stilte med parykkar då dei tok sølv i lagkonkurransen under EM. For Johanna, som debuterte som senior, var dette svært stas.   Foto: PRIVAT

Sport

– Vi skaut med parykkar i raudt, kvitt og blått berre fordi det er gøy, og så er det litt show. Vi måtte gjere skytesporten litt spenstig. Vi fekk ganske mange rare blikk, så det var veldig morosamt, fortel Johanna Reksten (20 år) frå Lote.