Stabile resultat i europacupen

Andrine Englund Mårstøl køyrde inn til to topp 20-plasseringar i europacupen.

EUROPACUPEN: Andrine Englund Mårstøl frå Haugen IL køyrde inn til fleire gode plasseringar då europacupen var på plass i Slovakia og Tyskland.  Foto: PRIVAT

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) har køyrt europacup i Slovakia og Tyskland dei siste dagane. Torsdag var det klart for storslalåm då europacupen var på plass i Krvavec i Slovakia. Andrine køyrde i mål på 1:05.21 i første omgang, noko som var 18. beste tid i omgangen. I andre omgang køyrde ho i mål på tida 1:10.14. Ho kom til slutt på 16.-plass, 1.64 bak Doriane Escane frå Frankrike. Andrine vart femte beste norske alpinist etter ein god norsk dag. Thea Louise Stjernesund tok fjerdeplassen og var best av dei norske alpinistane.

Tredje best av dei norske

Laurdag var europacupen på plass i Bad Wiessee i Tyskland og det var klart for slalåm. I første omgang hadde Andrine 14. beste tid då ho kom i mål på 50.05. I andre og siste omgang kom Andrine i mål på 48.46. Det vart til slutt 15.-plass på Andrine under slalåmen, 1.89 bak Martina Peterlini frå Italia som køyrde inn til siger. Andrine var tredje best av dei norske. Beste norske alpinist var igjen Thea Louise Stjernesund på 8.-plass.

Topp 25

Søndag var det klart for nytt europacuprenn i Bad Wiessee, og denne gong var det slalåm som stod på plakaten. Andrine køyrde i mål på tida 48.65 i første omgang og 48.50 i andre omgang. Med ei totaltid på 1:37.15, vart alpinisten frå Haugen IL til slutt nummer 22. Andrine var totalt 1.91 bak Elena Stoffel frå Sveits som vann rennet. Andrine som kom på 22.-plass, var femte beste norske alpinist under slalåmen søndag. Også i dette rennet var Thea Louise Stjernesund beste norske alpinist då ho køyrde inn til ein 8.-plass.