God norsk dag i europacupen

Andrine Englund Mårstøl køyrde søndag storslalåm då europacupen var på plass i Folgaria i Italia.

EUROPACUP: Andrine Englund Mårstøl var i aksjon i europacupen søndag.   Foto: privat

Sport

Søndag var europacupen på plass i Folgaria i Italia og storslalåm stod på plakaten. Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL), som laurdag vart offisielt klart for junior-VM som går av stabelen i mars, stilte på start.

I første omgang køyrde alpinisten frå Haugen IL i mål på tida 55.49, noko som var 13. beste tid i omgangen. I andre og siste omgang køyrde Andrine i mål på tida 56.93. Etter to omgangar vart totaltida 1:52.42, og 22.-plass til Andrine. Totalt var ho 3.27 bak vinnaren Mina Fuerst Holtmann frå Norge, som vann med over sekundet ned til andreplassen som gjekk til Sara Rask frå Sverige.

Andrine vart sjuande beste norske alpinist under søndagens storslalåm. I tillegg til at Mina F. Holtmann tok sigeren, kom Thea Louise Stjernesund på fjerdeplass, Kristin Lysdahl på 8.-plass, Kaja Norbye på 10.-plass, Marte Monsen på 17.-plass, og Kristina Riis-Johannessen på 19.-plass.

Andre norske alpinistar var Maria Therese Tviberg på 24.-plass, Tuva Norbye på 27.-plass, Marte Berg Edseth på 42.-plass og Hannah Sæthereng på 51.-plass.