Nummer 23 i Italia

Andrine Englund Mårstøl vart nummer 23 i Super-G onsdag då Europacupen var på plass i Italia.

EUROPACUP: Under onsdagens Super-G hadde Andrine Englund Mårstøl fjerde beste tid av dei norske.   Foto: Privat

Sport

Onsdag køyrde Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) Super-G då Europacupen var på plass i Sarntal i Italia. Andrine kom i mål på tida 1:17.34, noko som var 23. beste tid. Bestetid var det Nadine Fest frå Austerrike som tok sigeren då ho kom i mål på 1:15.55, som var 1.79 framfor alpinisten frå Haugen IL i mål.

Beste norske alpinist vart Maria Therese Tviberg som vart nummer fem, 0.55 bak vinnaren. Andrine vart fjerde best av dei norske.