På 25.-plass i Europacupen

Europacupen var på plass i Crans Montana i Sveits før og i helga, og Andrine Englund Mårstøl stod på start.

Andrine Englund Mårstøl køyrde utfor og Super-G då Europacupen var på plass i Crans Montana i Sveits.   Foto: Privat

Sport

Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) køyrde ut under utforen då Europacupen var i Sveits torsdag. Nadine Fest frå Austerrike gjekk til topps i rennet. Beste norske var Inni Holm Wembstad på ein 17.-plass.

Laurdag var det klart for nytt renn og denne gong vart alpinisten frå Haugen IL nummer 25 under utforen då ho kom i mål på tida 1:20.32. Andrine var 3.83 bak vinnaren Rosina Schneeberger frå Austerrike som vann med tida 1:16.49. Nadine Fest frå Austerrike tok andreplassen, 0.63 bak vinnaren. Andrine var tredje beste norske alpinist.

Søndag var det klart for Super-G, men i dette rennet køyrde Andrine ut. Jasmina Suter frå Sveits vann rennet då ho kom i mål på 51.57. Nadine Fest tok andreplassen 0.04 bak Sveitsaren. Hannah Sæthereng vart beste norske alpinist på 20.-plass, 1.74 bak vinnaren.