Stiller på start i Norgesmeisterskap

Til helga er det junior-NM og norgescup i skiskyting på Dombås, og fleire frå Eid og Stårheim skal delta.

På pallen: Under sprinten i Lerøy Cup kom Bendik Vereide på andreplass i klassa M18 i slutten av januar. Også fleire skiskyttarar gjorde det godt. Til helga er det på ny Norges Cup og NM.   Foto: Nordfjordteam

Sport

Fredag er det NM normal, medan det er Lerøy Cup/ Norges Cup sprint laurdag og NM mix stafett og duo søndag.

På startstreken i klasse menn 17 år står Magnus Skeide Bakke (Eid IL – skiskyting/NTG-G). I klasse menn 18 år deltek Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.), Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) og Ask Haughovd (Stårheim IL/Stryn vgs.) på start. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) og Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) stiller i kvinner 18 år. I klasse menn 20–22 år står Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) på start.

Andre- og tredjeplass sist gong

Fleire av desse utøvarane gjorde det godt også i slutten av januar då Lerøy Cup gjekk av stabelen. Magnus Skeide Bakke (Stårheim IL/NTG-G) gjekk inn til ein sterk tredjeplass i menn 17 år då sprint stod på plakaten.

Under jaktstarten gjekk Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) inn til andreplass i klassa menn 20–22 år.


Norgescup på Gautefall

Gjekk inn til pallplass

Skiskyttarane frå Stårheim IL og Eid IL – Skiskyting gjorde det godt under Norgescupen i helga.


Desse stiller frå NordfjordTeam

Ifølgje ei pressemelding stiller fleire frå Nordfjord til start denne komande helga:

Gunn Kristi Tvinnereim

Maren Hjelmeset Kirkeeide

Oselie Henden

Ingrid Heggen

Emilie Flo Stavik

Magnus Gjørven

Martin Aaland

Isak Hopland

Bendik Vereide

Sondre Roset

Oskar Guddal Breivik

Ask Haughovd

Lasse Flo Bødal