Trym Dalset Lødøen

Debuterte i verdscupen som topp ti

Denne helga køyrde Trym Dalset Lødøen verdscup for juniorar for første gong, og tar med seg to topp ti plasseringar.

VERDSCUP: Trym Dalset Lødøen kan vere godt fornøgd med debuten i verdscupen i randonee i helga der det vart to topp ti plasseringar på tre løp.   Foto: privat

Sport

Fredag debuterte Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) i verdscupen i randonee i Jennerstier, Tyskland. Trym, som stiller i juniorklassa, stod på start fredag då det var klart for vertikal. Det vart ein 7.-plass på Trym, som kom i mål 01:39.2 bak vinnaren Aurélien Gay frå Sveits.

Laurdag var det klart for individuelt. På denne distansen kom Trym i mål til ein 14.-plass, men han fekk ifølgje Skiforbundet eitt minutt tilleggstid for å ha opna skiklemma for tidleg, og vart då nummer 17, 07:42.0 bak Aurélien Gay, som også tok sigeren på denne distansen.

Søndag var siste distanse for helga, og denne dagen var det sprint som stod på plakaten. Trym kom heilt til semifinalen og kom til slutt på ein 9.-plass. På denne distansen var det Léo Besson, også frå Sveits, som gjekk til topps.