Nor-Am Cup:

Best av dei norske

Åge Solheim vart måndag nest beste norske alpinist, og tysdag vart han beste norske under Nor-Am Cup i Canada.

TOPP 20: Åge Solheim stod på startstreken under slalåmen tysdag då Nor-Am Cup var på plass i Canada. Det vart ein 14.-plass på alpinisten frå Haugen.   Foto: Stig Stenberg

Sport

Nor-Am Cupen er i desse dagar på plass i Mont Edouard i Canada. Måndag køyrde Åge Solheim frå Haugen IL i mål til ein 18.-plass i slalåmen, nest beste av dei norske alpinistane.


Topp 20 i Canada

Åge Solheim var ein av fire norske alpinistar på start under slalåmen då Nor-Am Cup var på plass i Canada måndag.


Tysdag var det klart for endå eit slalåmrenn. I første omgang køyrde Åge i mål på tida 56.05, medan han i finaleomgangen køyrde i mål på 58.61. Med ei totaltid på 1:54.66, vart det ein sterk 14.-plass på Åge i slalåmen tysdag. Alpinisten frå Haugen IL var etter to omgangar totalt 5.79 bak vinnaren Jett Seymour frå USA som vann til slutt med over sekundet ned til andreplassen Simon Fournier frå Frankrike.

Med 14.-plassen vart Åge den beste norske alpinisten i rennet. Nest beste norske alpinist vart Gustav Rosberg Voello på ein 16.-plass, 6.66 bak vinnaren frå USA.