Åge Solheim (Haugen IL) køyrde inn til ein andreplass i storslalåm fredag. Det var under eit universitetsrenn i Aspen/Highlands. Åge køyrde i mål på tida 1:03.15 i første omgang, og låg som nummer tre, berre +0.13 bak Mikkel Solbakken frå Norge som leia.
I andre omgang køyrde Åge i mål på tida 1:02.98 og det vart med det andreplass på alpinisten frå Haugen IL. Mikkel Solbakken som leia etter første omgang, vann rennet +1.08 framfor Åge.