Tatt steget opp på kort tid

Trym Dalset Lødøen har nettopp tatt fatt på sin andre sesong i randonee. I januar står han på startstreken under Ungdoms-OL.

RANDONEE: Trym Dalset Lødøen representerer Haugen IL, og om nokre veker står han på start under Ungdoms-OL i Sveits som går av stabelen 9- 22 januar.   Foto: PRIVAT

Sport

Då Trym Dalset Lødøen (17 år) frå Hjelmelandsdalen, i Eid, var yngre dreiv han mykje med alpint. Han starta også tidleg med motbakkeløp. Med skiferdigheitene frå alpint og kondisjonen frå motbakkeløpa, var det lagt til rette for ei satsing innan randonee.