Lokale skiskyttarar

Hevda seg i toppen

Dei lokale skiskyttarane gjorde det godt under Lerøy Cup senior og junior i helga og hevda seg i toppen.

PÅ PALLEN Under sprinten i Lerøy Cup kom Bendik Vereide på andreplass i klassa M18. Også fleire skiskyttarar gjorde det godt under søndagens sprint og normalen laurdag.   Foto: Nordfjordteam

GODE RESULTAT: Fleire skiskyttarar hadde gode resultat. Her er Ask Haughovd (Stårheim IL), som kom på 8.-plass laurdag.  Foto: Nordfjordteam

Sport

Fleire lokale skiskyttarar frå Stårheim IL og Eid IL – Skiskyting konkurrerte i helga under Lerøy Cup Senior og Junior cup. Laurdag var det normal som stod på plakaten, og søndag var det klart for sprint. Under sprinten gjorde Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) det svært godt, og kom i mål på ein 2.-plass i klassa Menn 18 år. Det vart einaste pallplass for dei lokale skiskyttarane denne helga, men fleire fekk gode topp ti plasseringar både laurdag og søndag. Kasper Mundal (Stårheim IL/Stryn vgs.) kom i mål på femteplass medan Magnus Skeide Bakke (Eid IL-Skiskyting/NTG-G) kom på sjetteplass under sprinten i klasse Menn 17 år. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) kom på 16.-plass i klassa M20-22 begge dagane.

Lerøy Cup Senior 2/Junior Cup 1 Sprint søndag

Sprint M20-22

16. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 27:04.4, 2+0

Mønstringsrenn Sprint M18

2. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) 21:05.7, 0+0

29. Ask Haughovd (Stårheim IL) 23:36.7, 0+2

39. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) 24:29,5, 0+2

Mønstringsrenn Sprint M17

5. Kasper Mundal (Stårheim IL/Stryn vgs.) 22:09.9, 0+1

6. Magnus Skeide Bakke (Eid IL – Skiskyting/NTG-G) 22:13.8, 3+1

Mønstringsrenn Sprint K18

11. Ingrid Heggen (Stårheim IL/Stryn vgs.) 21:14.2, 0+1

12. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) 21:43.8, 2+0

Lerøy Cup Senior 2/Junior cup 1 Normal laurdag

Normal M20-22

16. Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) 48:08.1, 0+3+1+1

Mønstringsrenn Normal M18

8. Ask Haughovd (Stårheim IL) 42:09.3, 0+0+0+1

15. Bendik Vereide (Stårheim IL/Stryn vgs.) 43:25.5, 1+3+1+0

42. Lasse Flo Bødal (Stårheim IL/Stryn vgs.) 49:44.3, 2+1+2+3

Mønstringsrenn Normal M17

7. Magnus Skeide Bakke (Eid IL- skiskyting/NTG-G) 44:48.6, 1+0+2+1

Diskvalifisert: Kasper Mundal (Stårheim IL)

Mønstringsrenn Normal K18

11. Ingrid Heggen (Stårheim/Stryn vgs.) 41:36.0, 0+2+1+1

17. Oselie Henden (Eid IL – Skiskyting/Stryn vgs.) 43:49.6, 3+2+0+0