Åge Solheim i USA

Målet er å vinne samanlagt i Nor-Am Cup

I starten av desember køyrer Åge Solheim sine første renn for sesongen i USA. Det store målet er å vinne ein disiplin samanlagt i Nor-Am Cup og automatisk gå inn på Europacup laget.

Klar for sesongstart: I fjor flytta Åge Solheim til USA for å satse på alpint. No er klar for å ta fatt på den komande sesongen. Før sesongstart vert det treningssamlingar både i USA og i Canada.   Foto: Yngve Tolaas (arkiv)

Eg betra verdsrankinga mi betrakteleg og enda opp som nummer 69 i verda

Sport

For over eitt år sidan pakka Åge Solheim (Haugen IL) kofferten og flytta frå Norge til USA. No er han busett i byen Bozeman i delstaten Montana, der han satsar på alpint og det store målet er å etablere seg i verdstoppen. Åge er ein del av alpinlaget til Montana State University, og studerer i tillegg økonomi ved sidan av satsinga. Satsinga til Åge i USA har ikkje gått umerka, og i vår vart han heidra med Sparebanken Vest sitt utøvarstipend.