Gode resultat i helga

Fleire sette ny pers under symjestemne

Laurdag og søndag arrangerte Eid Symjeklubb symjestemne for rekruttar og juniorar på Nordfjordeid.

Fornøgde: I helga var rekruttane og juniorane i aksjon då Eid Symjeklubb arrangerte sitt årlege hauststemne. Fleire av symjarane frå Eid Symjeklubb sette personlege rekordar gjennom heile helga, og var svært fornøgde.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

I helga var det klart for det årlege hauststemne arrangert av Eid Symjeklubb. På plass i symjehallen på Nordfjordeid var rekruttar og juniorar frå Eid SK, Førde IL Symjing, Jotun IL, Volda TIL og Ørsta SK. Gjennom helga sette fleire av rekruttane og juniorane personlege rekordar på dei ulike distansane.