– Har blitt ein betre toppidrettsutøvar

For første gong på lenge har sesongoppkøyringa gått knirkefritt for Johan-Olav Smørdal Botn. Når skiskyttarane sesongopnar på Sjusjøen står han endeleg på startstreken, eitt år etter siste skirenn.

Klar: Johan-Olav Smørdal Botn er klar for sesongstart på Sjusjøen i midten av november etter å ha lagt ned over 500 treningstimar. Her frå då han tok gull i NM rulleskiskyting i sommar.   Foto: Risethmedia/Steinkjer Skiklubb

Sport

Sidan skiskyttar Johan-Olav Smørdal Botn (Stårheim IL/Team Hugaas) starta sesongoppkøyringa i mai har han lagt ned 500 treningstimar. Når 2019 er omme, vil talet etter planen vere på totalt 850 timar. I eit toppidrettsliv kjem også nok kvile, restitusjon og mat i tillegg til desse timane.