Eid med enorm sluttspurt - men det vart poengdeling

I sin siste heimekamp for sesongen vart det poengdeling mellom Eid og Studentspretten.

Nok ein gong var Mads Wie frampå og laga mål for Eid. Tre minutt før slutt vart han felt innanfor 16-meteren og dommar Per Oddvar Lien, IL Høyang, hadde ikkje anna å gjere enn å peike på 11-metersmerket. Mads sette sjølv straffa sikkert i mål.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

I løpet av dei fire siste minutta av kampen scora Eid på straffe i tillegg til at laget hadde tre eventyrege sjansar til å avgjere kampen, men tverrliggaren stod i vegen.