Slo Sandane og tok sesongens første trepoengar

Selje/Åheim sitt damelag i 3. divisjon tok laurdag sin første trepoengar, då laget vann 2–1 mot Sandane. Kampen gjekk på Selje stadion.

Første siger: Selje/Åheim sitt damelag er inne i sin første sesong nokon gong i 3. divisjon. Fram til sist søndag var behaldninga tre uavgjorte og åtte tapte kampar. Søndag kom første trepoengar mot Sandane som toppar 3. divisjon saman med Stryn. Foto: Privat 

Sport

I tillegg til at det var sesongen første siger, så var dette også ein historisk siger, i og med at årets sesongen er den første nokon gong for Selje/Åheim i 3. divisjon for damer. Ekstra kjekt må det ha vore at det var laget som ligg på 2. plass på tabellen, á poeng med serieleiar Stryn, som måtte bite i graset.

Selje/Åheim sitt første mål kom allereie etter fem minutt. Tiril Hasund var sist på ballen. Fem minutt før pause var talentet Guro Lesto Larsen frampå og auka leiinga til 2–0. Kvarteret ut i andre omgang reduserte Sandane til 1-2, som også vart sluttresultatet.

Arrangøren melder om heftig i byer med sterk vind og regn, men at kampen likevel let seg gjennomføre trass i det dårlege vêret.