Storkosa seg på fotballskule

Det var tre dagar med fotballglede for totalt 54 deltakarar på Selje Tine Fotballskule sist helg.

Tine fotballskule vart arrangert sist helg i Selje.   Foto: Privat

Fysisk aktivitet og meistring er viktig når Tine fotballskule vert arrangert.   Foto: Privat

Det var fint vêr både laurdag og søndag noko som var ekstra kjekt for barna.   Foto: Privat

Totalt 54 barn og unge deltok på den tre dagar lange fotballskulen i Selje.   Foto: Privat

Det er fokus på måltida under fotballskulen, og for mange er dette eit sosialt høgdepunkt.   Foto: Privat

Sport

Tine Fotballskule vert arrangert rundt om i Norge med fleire tusen barn og unge som deltakarar kvart år. Under fotballskulen er det fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel og meistring. Fredag 6. september til søndag 8. september arrangerte Selje IL Tine fotballskule for barn mellom seks og tolv år. Dette var 15. gongen Tine Fotballskule vart arrangert i Selje, og totalt 54 deltakarar, 27 jenter og 27 gutar, deltok på den tre dagar lange fotballskulen. I tillegg til dette var det mellom 15 til 20 trenarar og instruktørar på plass kvar dag.

Ifølgje arrangøren Selje IL så var det fint vêr på laurdag og søndag, noko som sette ein ekstra spiss på arrangementet.