Eid vann Hessa Cup

Eid sitt G13 lag spelte søndag A-finale mot Sykkylven IL/FKS 1.

Eid sitt G13 lag gjekk til topps under Hessa Cup i helga. Bak frå venstre: trenar Jan Kristian Løkling, Elias Løkling, Theodor Bakke, Eskil Alsaker, Aleksander Slettenes, Aksel Kjøsnes, trenar Thomas Vingen Vedeld. Framme frå venstre: Johannes Myroldhaug, Henrik Vingen Vedeld, David Anday, Esekiel Henden og Patrick Ellingsen.   Foto: Privat

Sport

I helga har Hessa Cup vore arrangert i Ålesund, og blant laga som har deltatt er Eid sitt gute 13 lag. Dei starta turneringa med å vinne 0-7 mot Aksla IL, så vart det 1-1 mot Valsøyfjord/Halsa, 7-0 siger mot Rollon City og deretter eit 6-0 tap for Sykkylven IL/FKS 1- Med det var Eid vidare til A-sluttspelet, og etter sigrar mot Elnesvågen og Omegn Idrettslag, Frei FK og Bryn/Bud var laget klar for finale. Då møtte Eid igjen Sykkylven IL/FKS 1, og då fekk dei revansjert tapet og vann finalen til slutt 5-7 og gjekk med det sigrande ut av Hessa Cup 2019.

Eid J13

Også Eid jenter 13 har vore i aksjon under fotballcupen denne helga. Etter å ha vunne tre av kampane sine og spelt ein uavgjort, kom også Eid J13 til A-sluttspelet. Første kampen vann dei 14-0 mot Frei FK J13, før det vart 1-2 tap mot Skåla IL i semifinalen.

Hessa Cup

Hessa Cup er blant dei største utandørs fotballturneringane for aldersbestemte klassar i Norge og har vore arrangert utan opphald sidan 1980.