Eid med storsiger over Høyang

Best på banen ein briljant Mads Wie

–Tre gode treningsveker i framkant av starten på haustsesongen, er nok ei medverkande årsak til at vi står med seks poeng og 15-2 i målskilnad etter to kampar.

Briljant: Mads Wie scora tre mål i kampen mot Høyang. Mads vart kåra til dagens Eidar av karane speakerbua.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det seier ein rimeleg stolt og glad Eid-trenar Dan Jøran Hafsås etter at Eid køyrde over gjestane frå Høyanger i to omgangar, anført av dagens briljante Eid-spelar, Mads Wie.