Heia J14 til kvartfinale

Møter Sogndal seinare i dag

Heia sitt J14-lag som onsdag etter middag vann 16-delsfinalen mot Oppegård på Golden Goal, slo i dag Nordhordland BK i 8-delsfinalen.

Onsdag ettermiddag kunne Heia sitt jentelag juble etter å ha sikra seg plass i 8-delsfinalen. I dag, torsdag, kunne også laget jubel etter å ha slått Nordhordland BK 2-1, og sikra seg kvarfinalebillett i B-sluttspelet i Norway Cup.   Foto: Olin Maria Yri

Biletet er frå kampen mot Oppegård IL onsdag, og viser Heia (kvitedrakter) sine to målscorarar i kampen mot Nordhordland BK. I kamp om ballen Ida Flatebø Holmøy som scora første målet. Til høgre Renate Barvåg Leivdal som nok ein gong avgjorde kampen.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Heia sine jenter vann kampen 2-1, etter avgjerande scoring av Renate Barvåg Leivdal, same spelar som sette inn den avgjerande scoringa I 16-delsfinalen.

Tok leiinga

Heia tok leiinga i kampen etter vel åtte minutts spel. Utlikninga til Nordhordland BK kom berre minuttet seienar.  Minuttar før dommaren bles av kampen avgjorde Renate Barvåg Leivdal kampen for Heia IL, som med det er klare for kvartfinale i B-sluttspelet . I kvartfinalen er det eit anna lag frå Sogn og Fjordane som står på motsette banedel, nemleg Sogndal som vann 1-0 over Fet IL i 8-delsfinalen. I 16-delsfinalen slo Sogndal Strindheim IL med same siffer, 1-0. Kampen mellom dei to laga startaR klokka 12.45.