Vennskapskamp mellom Norge og verda:

Linnea og Ida representerte Norge

To spelarar frå Heia, Linnea Lillestøl og Ida Flatebø Holmøy, spelte på Norge sitt lag då dei møtte resten av Verda til vennskapskamp under Norway Cup.

Sjølv om det vart tap for Norge, var både Linnea Lillestøl (nr. 5 frå venstre) og Ida Flatebø Holmøy (nr. 4 frå venstre) fornøgde med det dei hadde fått til i løpet av kampen.  Foto: Olin Maria Yri

Sport

Tysdag var det klart for vennskapskamp mellom Norge og Verda på sjølvaste Finalebana under Norway Cup. Linnea Lillestøl og Ida Flatebø Holmøy hadde bytta ut Heiadrakta med ei gul drakt for anledninga. Dei to som til vanleg representerer Heia jente 14, var nemleg blant spelarane som var tatt ut til å spele på Norge sitt lag, og fekk med det eit møte med både nasjonale og internasjonale spelarar frå mellom anna fotballnasjonen Brasil.