Eid G14 til A-sluttspel

Eid sitt gutelag i 14-årsklassen er vidare til A-sluttspel i Norway-Cup etter at laget slo Ulfstind IL 4-1 i den siste innleiande gruppespelkampen.

Eid G14: Bak frå venstre: Julian Ervik Hansen, Daniel Dyrstad Hildenes, David Balsnes Lefdal, Edmond Sibondagara, Tobias Indrebø, Gabriel Balsnes Lyngstad, Sondre Nor Midthjell, Yafiet Mussie og Tobias N Englund. Framme frå venstre: Andreas Haavik, Tørres Bjelland Nøstdal, Lukas Endal Andersson, Harald Kristian Holmøyvik Starheim, Tobias Berge, Marius Åsebø og Noah Taklo.   Foto: Privat

Sport

Gutane frå Eid enda med dette resultatet på 2. plass i si pulje, og møter Våleranga Fotball 05-3 i 64-delsfinalen, som til liks med Eid har vunne to og tapt ein kamp i dei tre innleiande kampane.

Eid vann den første kampen sin mot KFUM-kam. Oslo 3 5-0, før laget tapte 2-0 mot puljevinnar Kløfta, før dei i morgontimane i dag altså vann 4-1 mot Ulfstind.

Full kontroll

–I dag møtte vi eit lag frå Tromsø, som vi eigentleg hadde full kontroll på. Måla våre var det Marius Åsebø, Daniel Dyrstad Hildenes og Tobias Indrebø. Marius scora to og dei to andre eitt mål kvar, seier Frode Taklo som trenar G14-lager saman med Jarle Åsebø.

–I går tapte laget ditt 0-2 for Kløfta. Kan du seie litt om den kampen?

–La meg først seie at Kløfta var eit veldig godt lag, men kampen var jamnar enn 0-2 skulle tilseie. Hadde vi hatt litt meir tur og vore litt betre i avslutningane, så trur eg at vi kunne vunne kampen.  Det stod og vippa. Skal eg tippe så kjem Kløfta til å nå langt i turneringa, seier Frode som legg til at laget hans, så langt, har spelt alle kampane sine på Ekebergsletta.

A-sluttspel

–Kan du seie litt om laget, spelar dei flott fotball?

–Vi har ein veldig god første ellevar, og laget spelar fin fotball. I første kamp i A-sluttspelet møter vi Våleranga sitt tredjelag. Eg har ikkje sett laget i aksjon, men vi veit at tredjelag ikkje er blant dei beste. Skal eg tippe så trur eg at vi skal greie å slå dei, og kome til 32-delsfinale, seier Frode.

–Det har vore varmt i Oslo, korleis har spelarane takla varmen?

–Du har rett i at det har vore varmt. Kampane er berre3 2x20 minutt., så det har ikkje vore noko stort problem. Elles har gutane fått bada mykje. I dag var det 13 grader då vi spelte kampen, og det var eigentleg veldig godt.

64-delsfinalen mot Vålerenga 05-03 blir spelt onsdag morgon klokka 08.00 på Rustad.