Slik gjekk det på triatlonen

Gode resultat på deltakarane under triatlonen Selje Challenge 2019.

Selje Challenge vart arrangert laurdag med både store og små på start. Her er frå mål oppe på Tarvaldseggja.   Foto: Privat

Arrangørane Jan Vidar Smenes og Therese Lien Smenes.   Foto: Privat

Triatlonen starta med symjing i det 12 grader varme havet i Selje, før sykling og springing venta deltakarane.   Foto: Privat

Paul Jakob Helgesen (t.v.), Siri Sandvik og Alfred Bjørlo (t.h.) stilte også til start under Selje Challenge.   Foto: Privat

Jon Kvernevik på laget Kvernevikings som vann lagkonkurransen  Foto: Privat

Jon Inge Sigerland representerte laget Kirkens Nødhjelp frå Selje saman med dei to andre på laget Kenneth Pedersen og Erling Åbø. Desse tre vann Publikumsprisen for svært sporty haldnin  Foto: Privat

Knut Vikebakk vann herreklassa og hadde dagens bestetid på 00:45:19.   Foto: Privat

I kvinneklassa var det Vosica Radka som tok sigeren med tida 00:52:47  Foto: Privat

Karin Nordpoll (t.v.), Stine Hamre, Thor–Øyvind Larsen og Linda Refsnes Nøstdal (t.h.) var frivillige på drikkestasjonen på Sandvikeidet.   Foto: Privat

Vaktsjef i sentrum var Rita Hatlenes.   Foto: Privat

Det vart også Mini Challenge på dei yngste etter premieutdelinga for vaksne, slik som tidlegare år. Denne gongen gjekk turen til Risnakken.   Foto: Privat

Team Balur frå Selje før starten. På laget var Mona Austring på løp, Anita Hoddevik på sykkel og Maj Britt Aam Hamre på symjing.   Foto: Privat

Sport

Laurdag var det klart for triatlon i Selje då Selje Challenge 2019 gjekk av stabelen. Ifølgje Jan Vidar Smenes, som er blant dei som er med å arrangerer triatlonen, var det rundt 35 til 40 frivillige som var med og står på for at det heile skal gå rundt. På start stod rundt 50 til 60 deltakarar klare for å ta fatt på løypa.

– Det er veldig variert når det gjeld alder. Den yngste på lag er rundt 15 år, medan den eldste er kanskje opp mot 65-70 år. Det er kjekt at vi klarer å fange breidda. Hovudmålet vårt er at vi skal fange breitt, og ikkje berre vere ein elitekonkurranse, sa Smenes til Fjordabladet dagen før dagen.

Pause i fjor

I fjor hadde Selje Challenge pause, og ifølgje Smenes var dette grunna nye reglar når det gjeld triatlon. Reglane er no mykje strengare enn tidlegare, og det er mellom andre kome nytt krav om skulerte løypevakter. Grunna dei nye reglane vart også løypa endra i år. Tidlegare gjekk den gjennom sentrum for å skape litt liv, men i år vart dette droppa. Det heile starta med rundt 500 meter med symjing langs Seljesanden. Det skal seiast at det var rundt 12 grader i vatnet. Deretter var det over seks kilometer med sykling til Sandvikseidet som stod på agendaen. Det heile vart avslutta med 1,8 kilometer løp eller gonge opp til Tarvaldseggja som ligg 645 meter over havet. 

Resultat

Kvernevikings frå Flatraket stakk av med lagsigeren på 00:49:11. Andreplassen gjekk til Marinejegerene frå Førde med 00:53:45, medan Team Balur-Selje  fekk tredjeplass med tida 01:04:53. I kvinneklassa var det Vosica Radka som tok sigeren med tida 00:52:47. Carina Skorpen frå Ålesund kom i mål på 01:01:23 og tok andreplass. Tredjeplassen gjekk til Ragnhild Torp frå TSO Sykkel på tida 01:03:13. I herreklassa var det Knut Vikebakk som representerte Ulsteinvik som stakk av med sigeren. Han kom i mål på tida 00:45:19, og hadde dagens bestetid. Jørund Hammersvik frå Førde IL kom i mål like bak på tida 00:45:51 medan Kjetil Heinåli frå Isfjorden IL tok tredjeplass på 00:47:22.

På start stod også ordførarkandidatane Siri Sandvik, Paul Jakob Helgesen og Alfred Bjørlo. Kampen mellom Helgesen og Bjørlo enda med siger til førstnemnde denne gongen. Helgesen kom i mål på tida 00:58:06 og kom på 13.-plass, medan Bjørlo kom på 18.-plass med 01:06:08. Siri Sandvik kom på 8.-plass i kvinneklassa på tida 01:38:00.

Tabell Lag

Lag/namnKlubbTidPlassering

Kvernevikings:

Martin Lars Kvernevik

John Kvernevik

Egil Holvik

Flatraket

Bli kjent fondet 2020

00:49:111

Marinejegerene:

Einar Bye

Roselinn Taklo

Dag Inge Gjerland

Førde00:53:452

Team Balur-Selje:

Anita Hoddevik

Maj-Britt Aam Hamre

Mona Austring

Selje

Bli kjent fondet 2020

01:04:533

Girls on top:

Hege T. Aarsheim

Kristin S. Sandbak

Anita Heier

01:08:414

Kirkens Nødhjelp:

Kenneth Pedersen

Erling J. Aabø

Jon Inge Sigerland

Selje01:19:375

Tabell kvinneklassa

NamnKlubbTidPlassering
Vosica Radka00:52:471
Carina SkorpenÅlesund01:01:232
Ragnhild TorpTSO Sykkel01:03:133
Hege Leikanger01:05:074
Ann-Charlotte JanssonTeam Jansson01:13:245
Hanna AardalBergen01:18:076
Elin LeikangerStårheim01:22:467
Siri SandvikStad AP01:38:008

Tabell herreklassa

NamnKlubbTidPlassering
Knut VikebakkUlsteinvik00:45:191
Jørund HammersvikFørde IL00:45:512
Kjetil HeinåliIsfjorden IL00:47:223
Johannes SkorpenÅlesund00:49:464
Kjell BakkebøSFE00:50:245
Anders BakkebøÅheim IL00:51:206
Vegard Å. LarsenMIL sykkel00:51:467
Håvard Blålid RefvikMåløy00:52:458
Per Helge HelgesenBerstad Småbruk og idrettslag00:53:239
Sigmund Aasen KvalheimMåløy00:56:4210
Olav Egil MidtgaardTeam Midtgaard00:56:4211
Daniel JanssonTeam Jansson-Swe00:58:0312
Paul Jakob HelgesenBerstad Småbruk og idrettslag00:58:0613
Hans Arne KupenBryggja00:58:5414
Jarle BergeIL Kyrkjebø01:00:0315
Knut Olav HåvikBønes01:01:0516
Christopher WoldsundVartdal Turn og Idrettslag01:04:5017
Alfred BjørloEid IL01:06:0818
Marius Myhre SkavøypollMOWI01:13:0919