Eid framleis utan tap

Uavgjort mot Studentspretten

Etter 1-1 mot Studentspretten i Sognahallen fredag kveld er Eid framleis utan tap i årets Kretsliga.

Simen Lefdal scora Eid sitt mål i kampen mot Studentspretten fredag kveld. Lenge såg det ut som om Simen skulle bli matchvinnar, men Øystein Riksheim Østvik utlikna fire minutt på overtid. Biletet er frå oppgjeret mot Studentspretten på Eid Idrettspark i fjorårets Kretsliga.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Lenge såg det ut til at kampen mellom nummer to og fire på tabellen skulle ende uavgjort. Simen Lefdal scora Eid sitt mål på eit frispark ti minutt før full tid. Studentspretten utlikna fire minutt på overtid, då Øystein Østvik raga høgst på eit perfekt slått innlegg. Surt for Eid å tape på overtid, men kanskje rettferdig i og med at dei to laga hadde kvar sin omgang. Studentspretten den første, medan Eid var best etter pause.

I ein annan kamp i Kretsligaen fredag kveld trygga Årdal sin plass på toppen av tabellen, då dei slo Kaupanger 4-1 på bortebane. Bremanger – Stryn, Tornado Måløy – Høyang og Førde - Syril blir spelt i morgon, laurdag 22. juni, medan Florø 2 - Dale spelar på Florø kunstgras søndag.

Meir frå oppgjeret mellom Studentspretten og Eid i avisa tysdag.

Kampfakta

Studentspretten – Eid 1-1 (0-0)

Sognahallen

Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø SK.  

Ass. Dommarar: Jarle Andersen, Syril IL, og Endre Stedje, Sogndal IL

Gule kort: Ove Andre Balsnes, Petja Cink og Kristian Lefdal, alle Eid IL

Mål:

80. min. 0-1 Simen Lefdal

94. min. 1-1 Øystein Riksheim Østvik

Eid: Simon Andre Gimmestad, Petja Cink , Håvard Holmøyvik, Ove Andre Balsnes, Joakim Frislid Vedvik, Thomas Holmøyvik Starheim, Johan Pasit Skorge, Marius Endestad Henriksen, Simen Lefdal, Mads Wie og Kristian Lefdal.     

Innbyttarar: Daniel Haus, Jonas Heggen Trosdahl, Ole-Andreas Aarvik og Henning Haugen    

Studentspretten: Tor Erik Eide, Rainer Pando, Ruben Kvalsvik, Øystein Riksheim Østvik, Vidar Eikeland Øvregard, Aleksander Belland Eriksen, Nikolai Bråta Strømstad, Thomas Gabriel Minde, Pål Madsen Gundegjerde, Magnus Følling Bjørvik og Adrian Skjoldal Lindstad.

Innbyttarar: Lars Christian Lindsay Lundhøj, Martin Svarstad, Fredrik Røed, Markus Sletteland Sigvaldsen, Olav Ulrik Underdal, Steffen Olsen og Ådne Onarheim.

Resultat Kretsligaen:

Studentspretten – Eid 1-1

Kaupanger – Årdal 1-4

Tabell Kretsligaen

LagKamparVUTMålPoeng
Årdal1090137-1227
Eid1064032-1122
Studentspretten1061315-1219
Førde860221-718
Tornado Måløy950422-1515
Stryn941417-2313
Kaupanger1032516-2111
Høyang92349-149
Dale930614-289
Bremanger82069-186
Syril920712-266
Florø 291177-234