Mads Wie debuterte for Eid

Scora etter eitt minutt på banen

Frå utvisning i 16. mai-kampen mot Eid i Stryn, til overgang til Eid og scoring for sin nye klubb etter eitt minutt på banen. –Kontrastane er store, seier dagens mest lukkeleg mann på Eid stadion.
Sport

Sjølv om gjestane frå Vågsøy stressa heimelaget dei første ti minuttane i kampen, var aldri heimelaget truga. Heimelaget hadde full kontroll. Tornado Måløy hadde knapt ein einaset målsjanse i løpet av 95 minutt på Eid stadion.