Dan Jøran Hafsås:

–Nær ved å ta alle poenga

–Det eg er mest fornøgd med, er at vi greidde å slå tilbake to gonger med ein mann mindre på banen.

Johan Pasit Skorge sette inn Eid sitt første mål i kampen mot Kaupanger, medan Thomas Holmøyvik Starheim utlikna til 2-2. Siste målet til Eid var det Ove Balsnes som sette inn. Biletet er frå kampen mot Bremanger i førre serierunde.  Foto: Tormod Flatebø

Sport

Det seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås etter at Eid spelte 3-3 mot Kaupanger på bortebane laurdag ettermiddag.

Det var heimelaget som kom best i gang, då dei etter vel kvarteret fekk lurt i skot frå 22 meter bak Simon Andre Gimmestad i Eid sitt mål. Eid svarte etter vel halvtimen, då Johan Pasit Skorge sette inn utlikninga. Kaupanger gjekk opp til 2-1 i det 53. minutt, men før det fekk Adrian Hagen Henden eit heilt uforståeleg raudt kort.

–Frå min ståstad såg dette ut som ein heilt vanleg løps-duell, og skulle det vore noko så var det vel kanskje frispark til oss, seier Hafsås som legg til at dommaren ikkje hadde nokon heldig dag på jobben.

–Men la det vere sagt han dømde dårleg begge vegar.

Starheim-mål

Sjølv om Kaupanger på ny var i leiing, og Eid var redusert til ti mann, så greidde laget å utlikne. Det var Thomas Starheim som reduserte til 2-2. Sju minutt før full tid fekk heimelaget straffe, etter at ein Eid-spelar fekk ballen i handa. Straffa vart sett i mål.

–Tre minutt før full tid greidde vi nok ein gong å utlikne. Denne gongen var det Ove Balsnes som sette ballen i mål. Tre minutt på overtid hadde vi ein gigantsjanse etter ein corner til å ta alle tre poenga med heim til Eid, og det hadde faktisk vore fullt fortent, seier Dan Jøran Hafsås som hadde med seg Torbjørn Aabrekk i troppen.

–Torbjørn gjorde sine saker bra, og han kjem vi til å få nytte av i kampane som kjem, seier Eid-trenaren.


Kampfakta

Kaupanger – Eid 3-3 (1-1)

Kaupanger Idrettspark


Dommar:  Jakob Sande Søgnen  (Gaular IL)

Assistentdommarar: Torgeir Heimdal Aase  og Frederick Nahayo Kwihangana, begge Vik IL

Gule kort:

Raude kort: Adrian Hagen Henden, Eid IL


16. min. 1-0 

31. min. 1-1 Johan Pasit Skorge. 

53. min. 2-1

65. min. 2-2 Thomas Starheim. 

83. min. 3-2 straffe 

87. min. 3-3 Ove Balsnes


Eid: Simon Andre Gimmestad, Adrian Hagen Henden, Espen Nødset Rosø, Ove Andre Balsnes, Joakim Frislid Vedvik, Henning Haugen, Johan Pasit Skorge, Marius Endestad Henriksen, Thomas Holmøyvik Starheim, Kristian Lefdal og  Torbjørn Aabrekk.    

Innbytarar: Daniel Haus, Sindre Hafsås, Petja Cink, Jonas Heggen Trosdahl og Ole-Andreas Aarvik.   


Kaupanger: Sigurd Kristiansen Bøyum, Allan Jørgensen Højmark, Eirik Hellebust Menes, Jørgen Sundsøy, Kristoffer Dalaker, Rune Vatnamot Åberge, Jørgen Dalaker, Kim Andre Dyrdal Stokke, Torjus Halsne, Severin Knutson Halland og Sindre Rørvik.

Innbytarar: Markus Wefring Osen, Erlend Loftesnes, Sigurd Stenehjem, Henrik Johannessen Selvåg og Geir Ove Engebø. 


Resultat

Bremanger – Høyanger 2-1

Kaupanger – Eid 3-3

Dale – Stryn 2-1

Tornado Måløy – Førde 0-3

Florø 2 – Årdal 0-4

Studentspretten – Syril 1-0


Tabell

LagKamparVUTMålPoeng
Årdal870129- 921
Eid853029-1118
Førde760121-618
TMFK850322-1315
Studentspr.850313-1115
Kaupanger831413-1510
Stryn831413-2110
Dale830514-239
Høyang82247-128
Bremanger72057-146
Florø 281165-194
Syril81077-263