Til topps i hestesko NM Golf

Anne Kirsti Noste gjekk heilt til topps i dameklassen då MINO HK arrangerte NM Golf i hesteskokasting.

Anne Kirsti Noste gjekk til topps i NM Golf - hestesko. Biletet er frå ei trening. Henrik Stokkenes til venstre.   Foto: Tormod Flatebø

Sport

Kirsti Noste vann NM Golf, som ikkje er golf men ei grein innan hesteskokasting. Noste tok sigeren framføre lagvenninne Synnøve Fagerstrand. May Kristin Seljenes og Siw-Hege Noste, også dei frå Midtre Nordfjord Hesteskokastarklubb (MINO HK) følgde på 4. og 5.-plass.

Beste på fjerde

I herreklassen var det Trygve Bolset, Skjold HK, som stakk av med førsteplassen. Beste kastar frå MINO HK var Harald Standal på 4.-plass. Ronny Stoddern vart nummer seks, Harald Fagerstrand nummer åtte og Stein Ove Stoddern vart nummer ti i konkurransen NM Golf. Konkurransen vart avvikla 31. mai.