Herrelaget ute etter nye spelarar

Onsdag 29. mai arrangerer Eid handball sitt herrelag spelarmøte. Då skal neste sesong i tredje divisjon planleggast.

Herrelaget: Onsdag inviterer Eid sitt herrelag til spelarmøte.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

– Har vi nok folk og kan halde plassen i tredje divisjon må vi prøve på det. Det er ein kabal å få til, og då er det viktig å planlegge tidleg, seier Geir Dale som har vore trenar for herrelaget i år.

Onsdag inviterer Eid handball til spelarmøte. Ifølgje Dale er det nokre spelarar som går ut av vidaregåande skule til sommaren og har med det ikkje moglegheit til å fortsette. Difor ønskjer herrelaget nye spelarar velkomen.

– Om det er nokre som har lyst å vere med som har spelt handball tidlegare, er dei velkomen til å vere med på møtet. Vi treng minst 15 spelarar.

Sterkt lag

I år spelte laget i fjerde divisjon, men rykte opp til tredje divisjon etter at dei vart nummer to, berre slått av Bjørnar 2.

– Vi viste denne sesongen at når vi speler på vårt beste kan vi slå kven som helst. Eg trur vi kan få til eit veldig sterkt lag i tredje divisjon, men det må planleggast no slik at alt kjem på plass, seier Dale.