Kretsligaen: Høyanger - Eid

Skorge redda eitt poeng for Eid

82 minutt ut i kampen mellom Høyang og Eid scora heimelaget. Fire minutt seinare utlikna Johan Skorge, og berga det eine poenget for Eid.

Høyang tok leiinga i hemekampen mot Eid i det 82. minutt. Johan Skorge sette inn Eid sitt utlikningsmål fire minutt seinare, og fire minutt før ordinør tid var ute. Med det berga Skorge eitt poeng for Eid i kampen mot Høyanger.  Foto: Tormod Flatebø

Sport

Saman med Syril, som Eid møtte i første seriekamp for året, rykka Høyang opp i Kretsligaen etter å ha vunne 5. divisjon i 2018-sesongen. I sin første kamp, borte mot Førde, tapte Høyang  0-1. Eid på si side slo den andre nykomlingen med 3-1 heime, og mykje godt spel.

Eid og Høyang har møtt kvarandre seks gonger i 4. divisjon sidan 2001. Innbyrdes oppgjer mellom laga, er at ein kamp har enda med poengdeling, dei fem andre er det dagens gjestar på Sletta som har vunne. Høyang har ikkje slått Eid på eige gras sidan 2001. Mot dagens motstandar står Høyang med tre tap og ein målskilnad på 4-14 på Sletta. I dei omvendte oppgjera er heimestatistikken for Eid mot Høyang to sigrar, ein uavgjort og 5-2 i målskilnad.

Denne gongen vart det altså den andre poengdelinga mellom dei to laga. Kampen var jamn, og det såg lenge ut til at det ikkje skulle bli utteljing for nokon av laga. I det 82. minutt fekke Høyanger sin Joakim Sjøthum Måren utteljing.

Eid sitt mål kom etter eit frispark, som Johan Skorge til slutt fekk krangla i mål.

For Eid står no dei to laga som ligg føre dei på tabellen for tur. Først er det Årdal hemie den 11. mai. Deretter er det 16. mai-kamp mot Stryn på bortebane.


Kampfakta

Høyang – Eid  1-1 (0-0)

Sletta

Dommar:  Steffen René Arnesen Mandelid, Kalandseid IL

Ass. Dommarar: Torgeir Heimdal Aase og Idar Andre Tenold-Saglien, begge Vik IL.

Gule kort: Bernhard Breidvik, Høyang, Jacob Bergset, Høyang, Ove Balsnes, Eid.


Mål:

82. min. 1-0 Joakim Sjøthun Måren

86. min. 1-1 Johan Skorge  


Eid: Simon André Gimmestad, Espen Nødset Rosø, Ole-Andreas Aarvik, Joakim Vedvik, Ove Balsnes, Thomas Starheim, Johan Skorge, Simen Lefdal, Kristian Lefdal og Jonas Heggen Trosdahl.

Innbytarar: Henning Haugen, Eirik Wik Leite, Muktar Ferej Yassin og Adrian Hagen Henden.


Høyang: Kristian Raae Johansen, Omar Navdar, Lusi Nedrebø Maureira, Sander Olsen, Robert Alrek, Sindre Ulvestad,Michael Våge, Nikolas Trollebø, Bernhard Breidvik, Jacob Bergset og Jacob Rømo.

Innbytarar: Brage Bergset, Joakim Sjøthun Måren og Eirik Sjøthun Måren.


Resultat Kretsligaen:

Årdal - Førde 3-2

Stryn - Studentspretten  3-1

Høyang - Eid  1-1

Syril - Bremanger  0-3

Dale - Tornado Måløy 0-4

Florø 2 - Kaupanger  blir spelt søndag 5. mai.


Tabell

LagKamparVUTMålPoeng
Stryn22008 - 56
Årdal22005 - 2  6
Eid21104 - 24
TMFK21018 - 53
Bremanger21014 - 23
Florø 211002 - 1  3
Førde21013 - 3   3
Dale21014 - 63
Høyang20111 - 2 1
Kaupanger0012 - 40
Studentspretten20021 - 5  0
Syril20021 - 60