Klart for Eid Cup

Eid IL Fotball arrangerer Eid Cup for jenter og gutar mellom seks og tolv år laurdag 27. april ved Eid Idrettspark og Eid Stadion.

Laurdag vert det arrangert Eid Cup for jenter og gutar frå seks til tolv år.   Foto: Inger Træen (arkiv)

Sport

Laurdag er det klart for Eid Cup arrangert av Eid IL Fotball. Då vert det både fotballglede, ulike konkurransar, kiosk og mat for alle trenarar og spelarar som er påmeldt til cupen.

Det heile vert arrangert på Eid Idrettspark og Eid Stadion. Aldersgruppene er gutar og jenter 6–7 år, gutar og jenter 8–10 år, gutar 11–12 år, gutar og jenter 13–14 år. Det er lagt opp til at alle lag skal spele minimum tre kampar på 15 minutt, og så vert det sluttspel for G/J 13–14.