Eirik Karlsen med nye krinsrekordar

Eirik Karlsen er blant symjarane frå Eid symjeklubb som er i Bergen under eit symjestemne i helga. Det har blitt fleire krinsrekordar og i tillegg har han klart NM krav.

I helga er det symjestemne i Bergen, og symjarane frå Eid symjeklubb har sette fleire nye personlege rekordar. I tillegg har Eirik Karlsen klart fleire NM krav.   Foto: Privat

Sport

Eirik Karlsen, Daniel Vindfjell, Siri Kråkenes, Anne Tolaas, Aslak Henden Sætre frå Eid symjeklubb har i helga vore på symjestemnet Bergen Swim Festival i AdO Arena i Bergen.

Fredag klarte Eirik Karlsen NM kravet på 50 rygg, og sette også ny kretsrekord på 29,4. Fleire av dei andre symjarane frå Eid symjeklubb sette også ny pers under distansen 50 meter fredag.

Laurdag under 50 butterfly, klarte Karlsen NM kravet på tida 26,99. På 100 rygg, som også var laurdag, vart det ikkje NM krav, men Karlsen slo sin eigen krinsrekord med 1,5 sekund med tida 1.03.60.

Søndag var det klart for 100 butterfly og 50 fri. Under 100 fly klarte Karlsen nytt NM krav og ny krinsrekord på tida 1.00.55 På 50 fri klarte han også NM kravet på tida 25,79.

Nokre av dei andre symjarane frå Eid har også laurdag og søndag sette nokre nye personlege rekordar.