Eit sikkert vårteikn

Kick Off for barnefotballen

Fotballsesongen er snart i gong, og for tredje år på rad arrangerer Eid IL Fotball Kick Off for barnefotballen.

Kick Off: I år arrangerer Eid IL Fotball Kick Off for tredje gong på Eid Idrettspark. Dan Jøran Hafsås håper det skal vere ein årleg tradisjon. Her frå Kick Off i 2017.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (Ill.foto)

Sport

Måndag og tysdag vert det arrangert Kick Off for barnefotballen på Eid Idrettspark. Arrangøren Eid IL Fotball har dei siste to åra samla gutar og jenter til Kick Off, og no komande måndag håper dei å gjenta suksessen.

– Vi i Eid IL Fotball håper dette skal vere ein årleg tradisjon. Vi har gjort dette no i tre år med stor suksess, og det er ein kveld der idrettsparken har godt over 100 personar i aktivitet. Vi er veldig fornøgd med Kick Off dei tidlegare åra. Ut ifrå tidlegare år så er det mykje smil og latter på idrettsparken, og det gjev oss energi til å halde fram med det vi jobbar for heile vegen.

– Dette er på mange måtar ei slags klubbsamling der mange er til stades og har det artig saman. Det er også vår måte å gje litt tilbake på, seier Dan Jøran Hafsås, trenar for Eid.

Opplegget

For å sparke i gong ein ny fotballsesong, vert det altså arrangert Kick Off. I år er det delt i to der 6–12 åringane vert samla måndag medan barn fødd i 2012 og 2013 vert samla tysdag.

– Vi gjer det slik for at vi skal få plass til alle på idrettsparken, og litt fordi dei yngste skal føle seg trygge og oppleve meistring saman. Vi får også sett alle på ein betre måte når vi gjer det slik, seier Hafsås.

Under Kick Off vert barna delt inn i forhold til alder. Det vert stasjonstrening med ulike øvingar rundt om på bana, med ei slags rullering. Det er øvingar med ball, leik og moro som står i fokus, ifølgje Hafsås. Det vert også avslutning med frukt som tidlegare år. I år som i fjor vert også a-lagsspelarane på Eid med under Kick Off og spelarane skal leie dei ulike øvingane.

– Mange av barna tykkjer det er stas, og det tykkjer også a-lagsspelarane. For mange er a-lagsspelarane litt viktige og på mange måtar førebilete for barna, seier Hafsås.

Aukande medlemstal

Ifølgje Hafsås er Eid IL Fotball i framgang for tida, og klubben nærmar seg 400 medlemmar totalt.

– Vi ser på oss sjølv som ein viktig arena for unge. Fotballen handlar om å ha det kjekt, lære, meistre, ta nye utfordringar og prøve og feile. Fotballen er mykje større enn sjølve fotballspelet. Det er ein sosial arena for mange.