Klart for turnstemne

I helga møtast nesten 1000 turnarar frå heile fylket til barneturnstemne i Nordfjordhallen. Eid og Flatraket er blant klubbane som skal delta.

Eid er blant klubbane i Sogn og Fjordane som skal delta på barneturnstemne i Nordfjordhallen i helga. Her frå nyttårsoppvisninga tidlegare i vinter.   Foto: Olin Maria Yri

Sport

Laurdag 6. april og søndag 7. april er det klart for barneturnstemne i Nordfjordhallen i Deknepollen. Arrangøren i år er Skavøypoll Idrettslag som hovudarrangør, og turngruppa i Vågsøy, MIL Turn, som medarrangør. Under barneturnstemne denne gongen skal i underkant av 1000 turnarar frå dei ulike klubbane i Sogn og Fjordane, inkludert Eid og Flatraket, møtast til opptog gjennom Måløy sentrum, turnoppvisningar laurdag og søndag, medaljeutdeling, aktivitetar og diverse underhaldning.

– Med så mange besøkande til barneturnstemnet er samarbeidet mellom klubbane våre gull verd, seier Kenneth Silden i Skavøypoll Turn i ei pressemelding.

– Vi utfyller kvarandre snarare enn å vere direkte konkurrentar sidan vi driv litt i ulike retningar. Eg trur det er ein viktig nøkkel til det gode samarbeidet vårt, supplerer Torill Eide Tennebø i MIL Turn.

Program

Laurdag skal Førde, Florø, Årdalstangen, Måløy og Skavøypoll turne. Søndag skal turnarar frå klubbane Skavøypoll, Stryn, Lærdal, Førde, Jotun, Sandane, Årdalstangen, Høyanger, Måløy, Sogndal, Flatraket og Eid ha oppvisning.

Oversikt over turngruppene og tal på deltakarar som skal delta:

Sogndal - 45

Flatraket - 28

Eid - 59

Måløy - 120

Skavøypoll - 99

Jotun - 27

Lærdal - 31

Florø - 36

Stryn - 104

Sandane - 83

Førde - 162

Høyanger - 85

Årdalstangen - 32